Av alt eg kjøpte før junior kom var det to ting som har utmerka seg som gode kjøp. Det eine er Gullungen stellematte frå IKEA. Vi har ei hos kvart sett besteforeldre og fleire heime. Desse mattene ligg han på om dagen når han er vaken og når han søv. Vi har lagt saueskinn på den, og han stortrivest. No når det har vore varme dagar har desse mattene kome særs godt med. Det andre kjøpet som har vore bra har vore ein babygym av typen som du festar på kantar, for den kan festast slik at den stikk ut frå bordbein, og ikkje berre rett over senga. Så junior ligg på matta si under babygymen og kan halde på i over ein time aleine (han er knappe 3 mnd).
Hvor er jeg?
I Foreldrepraten du kan stille og svare på spørsmål og dele din erfaring med andre!
Ingen svar enda.